Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Avgrensing på legetimar ved luftvegssymptom

Avgrensing på legetimar ved luftvegssymptom

Som tiltak for hindra spreiing av smitte, er det innført avgrensingar i høve legetimar for dei med symptom på luftvegsinfeksjonar.

Med auka forekomst av corona-smitte i befolkninga auker risikoen for at ein luftvegsinfeksjon kan vera forårsaka av viruset. Dersom helsepersonell kjem i nærkontakt med ein pasient som er smitta av corona utan å veta det, og viruset seinare vert påvist hjå denne pasienten, vil helsepersonellet verte sett i karantene. Dette kan i verste fall føra til at legetenesta i kommunen vert lamma. Derfor vert det sett i verk spesielle tiltak for personar med luftvegssymptom.

Kommunen har alt oppmoda alle med luftvegssymptom som har behov for legevurdering om å ringja eller avtala videokonsultasjon hos legen framfor å møta opp på legekontoret. Ikkje alle legekontora kan tilby videokonsultasjoner per i dag, men det vert jobba med å få dette på plass.

Kommunen har også oppretta eit eige telefonnummer, 900 89 662, der pasientar som har spørsmål om mogleg corona-smitte kan ringja. Sjukepleiarane som betener telefonen vil også kunne avklara om det er grunn til å testa for corona eller ikkje, då støtta på nasjonale råd frå Folkehelseinstituttet, og ved tvil også kommuneoverlegen.

Testing for corona føregår no i eigne kommunale lokale, og ikkje på legekontora eller legevakt.

Det skal heilt spesielle symptom til for at ein person med luftvegsinfeksjon må ha tilsyn av lege, då primært for å ta stilling til antibiotikabruk eller innlegging på sjukehus. I hovudsak vil symptoma då vera høg feber, hoste med tung pust og betydeleg redusert allmenntilstand. Mykje kan avklarast via video eller per telefon. 

I tilfelle der det er behov for fysisk legeundersøking vil Voss herad dei næraste dagane oppretta eit eige tilbod knytt til testsenteret. Meir informasjon kjem etterkvart.

 

Eystein J. Hauge

Kommuneoverlege