Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Den store sy-dugnaden

Den store sy-dugnaden

700 meter stoff og over 50 frivillige produserer no smittefrakkar på løpande band til helsetenestene

Voss ungdomsskule er for tida omgjort til ein klyppeverkstad for smittefrakkar. Helsetenestene har stort behov for utstyr, mellom anna smittefrakkar. Godt over 50 personar i Voss herad har meldt seg til frivillig teneste for å sy slike frakkar. 700 meter stoff er kjøpt inn, og på Voss ungdomsskule har det i dag vore klypping og utlevering av stoff.

Frå klyppeverkstaden vert det meldt om stort engasjement og fantastisk innsats. Mange har vore innom for å henta stoff, andre får dette tilkøyrt. Truleg vil det verta sydd 300 smittefrakkar i denne dugnaden. For Voss herad er det utruleg kjekt å sjå både engasjement og dugnadsviljen som bur hjå alle.

Klikk for stort bilete     Klikk for stort bilete     Klikk for stort bilete