Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Dette er tiltaka i Voss herad

Dette er tiltaka i Voss herad

18. NOVEMBER: Voss herad har sidan utbrotet i mars halde seg til dei nasjonale råd og retningsliner for smittevern. Grunna mange nærkontaktar i samband med smitte sist veke, vart det innført tre lokale tiltak, som gjeld til og med måndag 23. november.

Desse tiltaka er:

  • Heimekontor skal nyttast når dette er mogleg. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet ved heimekontor
  • Bruk munnbind på reise, butikk og andre stader der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand til andre
  • Alle sjukeheimar vert stengt for besøk

Voss herad fylgjer som kjent dei tiltak, råd og retningsliner som kjem frå sentrale styremakter. På denne artikkelen er det ein god plakat som gjev ei fin oversikt over dei nasjonale tiltaka som gjeld alle: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak-fra-5.-november/id2783881/