Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 
Drop-in-vaksninering for dei over 18 år og 16 år neste veke

Drop-in-vaksninering for dei over 18 år og 16 år neste veke

Onsdag 15. september tilbyr Voss herad drop-in-vaksine til innbyggjarar over 18 år. Torsdag 16. september er det tilbod om drop-in-vaksine for dei over 16 år. 

Onsdag 15.september tilbyr me eit begrensa antal vaksinedosar til drop-in vaksinering. Tilbodet gjeld for dei over 18 år. Oppmøte kl 13.00 ved gymsalen på Voss ungdomsskule. Me vaksinerer til kl 14.30 eller til det er tomt.  

Det er tre kriteria for å benytte seg av drop- in tilbodet:

  • Du må vera busett i Voss herad/opphalda deg over ein lengre periode i heradet grunna arbeid/skule eller anna
  • Du må vera registrert i vaksinekø i Helseboka
  • Dersom du har tatt dose 1 må det vera minimum 28 dagar mellom dose 1 og  dose 2.

Drop-in vaksinering for innbyggjarar over 16 år

Torsdag 16.september tilbyr me og drop-in vaksinering, då til dei over 16 år.

Oppmøte  kl. 17.00 torsdag ved gymsalen på Voss ungdomsskule

Det er tre kriteria for å benytte seg av drop-in-tilbodet: