Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Ein tilsett ved Klausabakken barnehage stadfesta smitta av Covid-19

Ein tilsett ved Klausabakken barnehage stadfesta smitta av Covid-19

8.februar: Ein tilsett ved Klausabakken barnehage er stadfesta smitta av Covid-19, og det fører til at om lag 50 born vert definerte som nærkontaktar og sett i karantene.

I tillegg er om lag 10 tilsette definerte som nærkontaktar og er sett i karantene. Alle er kontakta og vil bli testa i dag.

Det er kopling til utbrotet i Ulvik, og det vert difor lagt til grunn at me snakkar om det muterte engelske viruset. Av den grunn vert også hushaldsmedlemar til nærkontaktar sett i ventekarantene til testsvar for nærkontaktar føreligg.

Det er born og tilsette i to kohortar i barnehagen som er sett i karantene. Utover det er barnehagen open og vert driven på gult nivå.

Borna og dei tilsette er i karantene til og med fredag denne veka.