Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Er du sjukepleiar? Me treng deg no

Er du sjukepleiar? Me treng deg no

Voss herad treng fleire sjukepleiarar som kan jobba under koronakrisa. Om du er pensjonist eller jobbar med noko anna, ber me om at du melder deg. Du får både opplæring og oppfriskning i forkant for å vera mest mogleg trygg i jobben.

Voss herad opplever ein overveldande respons frå helsepersonell som registrerer seg for å kunne hjelpa til i den krevjande situasjonen helsetenestene våre står. Det er me veldig glade for og håpar fleire kjem til.

Me treng fleire, og særleg er det stort behov for fleire sjukepleiarar. Så er du sjukepleiar, men jobbar med noko anna, eller er pensjonist, så ber me om at du melder deg til innsats. Me veit ikkje nøyaktig når og kor, men me veit at behovet er der.

Det er viktig for oss at alle som kan bidra skal kjenna seg trygge i jobben. Så om det er lenge sidan du har jobba som sjukepleiar, skal du få både opplæring og oppfrisking i forkant. Og vil sjølvsagt leggja til rette best mogleg om det tilhøve som gjer at det er område du ikkje kan jobba innan. Dette finn me ut av, men ver så snill og meld deg til oss om du kan.


Det lettaste er å registrera deg på dette skjemaet:

Registreringsskjema

Og ha forståing for at det kan ta noko tid før me tek kontakt med deg. Me står i ein krevjande situasjon, samtidig som me er så heldige at mange tek kontakt for å bidra.

 

Om du lurar på om du er aktuell eller vil veta meir om kva oppgåver me treng hjelp til, ring kommunalsjef for helse og omsorg, Kjersti Nordanger på telefon telefonnummer 456 01 401