Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Fast info om koronasituasjonen, veke 12 torsdag 25.mars 2021

Fast info om koronasituasjonen, veke 12 torsdag 25.mars 2021

Tal nye smitta: Ingen registrerte smitta i heradet så langt denne veka.

Kor mange er testa: 151 personar er testa denne veka. 

Denne veka er det sett 282 vaksinedosar, slik at me samla har sett 2329 dosar.

I påskeveka forventar me å få levert 38 glas (228 dosar) og i veke 14 forventar me 73 glas (438 dosar) med vaksiner frå Pfizer. 

Nye reglar: Det har kome nye nasjonale reglar og råd frå Regjeringa, du finn dei her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-innforer-strengere-nasjonale-tiltak/id2841039/

Det viktigaste nye rådet er at ein bør halda to meter avstand til andre og at ein nyttar munnbind der dette ikkje er mogeleg. 

Smittesituasjonen i vår region og i landet: Me forventar markant auke i gjester til heradet i påsken, og dette aukar risikoen for smitte hjå oss. Me ber restaurantar, kafear og butikkar om hjelp til å rettleia kundane sine, slik at ein klarer å halda grensa på to meter.