Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Fast info om koronasituasjonen Veke 13

Fast info om koronasituasjonen Veke 13

Denne veka er det sett 228 nye vaksinedoser, alle av typen Pfizer/BioNTech, slik at me samla no har sett 2557 doser.

I veke 14 ventar me 73 glas (ca 438 doser) med vaksiner frå Pfizer/BioNTech og 86 glas (ca 516 doser) frå same produsent i veke 15. 

Me vil mest truleg vera ferdige med aldersgruppa 75-84 år neste veke. Dermed kan me starta vaksinering av dei mellom 65 og 74 år, òg dei med særskilt høg risiko i aldersgruppa 18-64 år.

Tal nye smitta: Ingen registrerte smitta i heradet så langt denne veka. 

Kor mange er testa: Me har testa 115 personar denne veka. 

Testsenteret held ope for testing i morgon (langfredag), men det vert berre tinging av test på nett (telefonen er ikkje open).

I tråd med Helsedirektoratet sine råd ber me alle tilreisande som vert sjuke eller treng å testa seg om å reisa heim til eigen kommune. 

Nye reglar: Det har kome ein ny nasjonal rettleiar for skular og barnehagar som trer i kraft frå 12.4.21, sjå https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

Smittesituasjonen i vår region og i landet: Me forventar stor auke i tal gjester til heradet i påsken, og dette aukar risikoen for smitte hjå oss. Me ber restaurantar, kafear og butikkar om hjelp til å rettleia kundane sine slik at det er mogleg å halda to-metersgrensa.   

Ullensvang herad har hatt ein del smittetilfelle denne veka, noko som har ført til at fire vossingar er i karantene etter mogleg nærkontakt med ein av dei som er stadfesta smitta.

Me ynskjer alle framleis god påske og minner nok ein gong om dei grunnleggjande smitteverntiltaka!