Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Fire stadfesta smittetilfelle

Fire stadfesta smittetilfelle

Voss herad har fått melding om fire nye tilfelle av covid-19. Tre av desse knyttar seg til legekontora, det fjerde gjer ikkje det. Voss herad jobbar med smittesporing, og vil i også dag testa eit stort tal nærkontaktar også etter smittesporinga søndag. Svar er venta i løpet av dei komande dagane.

Testsenteret til Voss herad opplever stor pågang også utover testing av nærkontaktar, og utfører så mange testar som let seg gjera. Pågangen kan føra til at enkelte kan oppleva noko ventetid.

Me prioriterer testinga slik:

1. Nærkontaktar til stadfesta smitta personar

2. Personar med symptom på mogleg covid-19

3. Personar utan symptom, men som ynskjer test av ulike grunnar

 

Voss herad oppmodar om å tinga koronatest på nettsida til heradet. Generelle spørsmål om korona bør gå til den nasjonale opplysningstelefonen, tlf. nr. 815 55 015