Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Fleire smittetilfelle

Fleire smittetilfelle

Det er meldt om til saman tre nye smittetilfelle så langt laurdag 14. november, Rogne barnehage vert stengd neste veke grunna eitt av tilfella.

Fram til kl 16 laurdag 14. november har Voss herad fått melding om tre nye smittetilfelle. Det eine tilfellet er eit barn, med ukjent smittekjelde. Barnet har vore heime i mange dagar, og har få nærkontaktar. Dette får ingen konsekvensar for barnehagen barnet går i.

 

Dei to andre tilfella skriv seg frå den omfattande testinga av nærkontaktar på dei to legekontora som vart stengde fredag. Det eine tilfellet har få nærkontaktar. Det andre tilfellet fører til at Rogne barnehage vert stengd i veka som kjem. Alle born og tilsette er i karantene, og vert testa. Dei som er omfatta av dette, vert kontakta direkte. Voss herad understrekar at foreldre til borna og familiemedlemer til tilsette førebels ikkje treng testing. Det er berre borna og dei tilsette som vert definert som nærkontaktar.

 

Dei siste to dagane har Voss herad testa over 150 personar. Det er usikkert når alle resultata er klare, og Voss herad fylgjer situasjonen tett gjennom helga. Alle positive resultat vert fylgt opp med smittesporing og isolasjon. Smittesporinga av kvar enkelt tilfelle avgjer talet på nærkontaktar som må testast.

 

Som fylgje av auka smitte og at så mange nærkontaktar måtte testast, innførte Voss herad nye tiltak, som kjem i tillegg til nasjonale råd og retningsliner. Desse tiltaka gjeld frå fredag 13. november og inntil vidare.

 

Heimekontor skal nyttast når dette er mogleg. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet ved heimekontor

Bruk av munnbind på reise, butikk og andre stader der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand til andre

Alle sjukeheimar vert stengt for besøk (gjeld førebels til og med tysdag 17. november)

 

Voss herad oppmodar alle om å fylgja råd og retningsliner. Hald deg mest mogleg heime og avgrens sosial kontakt. Hugs også på det grunnleggjande smittevernet:

 

Hald avstand – Vask/sprit hendene ofte – host eller nys i armkroken – hald deg heime om du er sjuk

 

Generelle spørsmål om korona må stillast til den nasjonale koronatelefonen på telefon 815 55 015 Treng du koronatest, bør denne tingast på nett.