Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Gradvis oppmjuking av tiltak

Gradvis oppmjuking av tiltak

Regjeringa opnar gradvis opp dei strenge tiltaka som vart innført 12. mars. Mellom anna opnar barnehagane 20. april, og skulane på 1.-4. trinn 27. april.

Under pressekonferansen tysdag gjorde regjeringa det klart at det vert gjort endringar i fleire av tiltaka som vart innført 12. mars.

  • 20. april kan barnehagane opnast
  • 27. april skal elevane i 1.-4. klasse på skulen
  • 27. april vert vidaregåande skular opna for VG3-elevar som fylgjer yrkesfaglege løp og VG2 yrkesfag om dette vert gjort på ein smittevernfagleg forsvarleg måte
  • 27. april vil universitet, høgskular og fagskular opna for nokre studentar og tilsette.
  • 20. april kan helsefaglege verksemder, som fysioterapeutar og psykologar opna på vilkår av at det er arbeidd ut ein bransjestandard for smittevern.
  • 27. april kan frisørar og andre verksemder som er stengde av smittevernomsyn opna som dei oppfyller krav som smitteverntiltak.
  • 20. april vert forbodet mot å overnatta på hytte i anna kommune enn heimkommunen oppheva. 

Forbod mot kultur- og idrettsarrangement som ikkje stettar grunnleggjande krav til smittevern vil gjelda til 15. juni. Idrettsaktivitetar kan gjennomførast om Helsedirektratet sine tilrådingar om avstand og gruppestorleik vert fylgd. 

 

Les meir på regjeringa si nettside: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/gradvis-apning-av-barnehager-skoler-fagskoler-hoyskoler-og-universiteter/id2697077/