Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Granvin barne- og ungdomsskule vert stengt

Granvin barne- og ungdomsskule vert stengt

Granvin barne- og ungdomsskule vert stengt ut neste veka - ei rekkje elevar og deira hushaldsmedlemar må i karantene

På bakgrunn av at rundt ti elevar, spreidd over ei rekkje klassetrinn, i dag er blitt identifiserte som nærkontaktar til ein smitta person busett i Ulvik herad, stengjer Granvin barne- og ungdomsskule ned. I fyrste omgang vil skulen vera stengt for fysisk undervisning ut neste veka, det vil seia til og med 12.2.21. Skulen vil koma med nærare informasjon om digital undervisning.

Dei elevane det gjeld som er busett i Voss herad vil bli kontakta av Voss herad. Elevar som er busett i Ulvik herad vil bli kontakta av Ulvik herad. Elevane må i karantene til og med 12.2.21 og deira hushaldsmedlemar må i ventekarantene til PCR-svar føreligg for elevane.

I tråd med Covid-19 forskrifta er det i fyrste omgang berre desse ti elevane som må i karantene. Skulle nokon av dei testa positivt, vil fleire elevar kunne hamna i karantene.

Voss herad oppfordrar difor alle elevar ved Granvin barne- og ungdomsskule om å ha minst mogleg kontakt med andre i veka som kjem, halda seg heima og tinga testing ved den minste mistanke om luftvegssymptom.