Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Gult smittevernsnivå for ungdomsskulane

Gult smittevernsnivå for ungdomsskulane

3.januar førte nasjonale koronatiltak til at ungdomsskulane i Voss herad gjekk frå gult til raudt smittevernsnivå. Frå onsdag 20.januar vert smittevernsnivået sett til gult. 

Koronatiltaka frå 3.januar er gjeldande til og med 19.januar. Etter nye føringar frå nasjonale myndigheiter i dag vil ungdomsskulane i Voss herad ha gult smittevernsnivå frå og med onsdag 20.januar. Dette i tråd med nasjonale tilrådingar. 

Føresette til elevar ved ungdomsskulane i Voss herad vil i løpet av tysdag 19.januar få tilsendt melding frå tilhøyrande skule med ytterlegare informasjon.