Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Har du helsebakgrunn? Me treng deg no

Har du helsebakgrunn? Me treng deg no

Helsetenestene i Voss herad treng hjelp av alle som har helsefagleg bakgrunn. Pr 20. mars er kring 90 tilsette i helse og omsorg anten i karantene eller sjuke, og kan ikkje gå på jobb. Dette talet endrar seg frå dag til dag, og Voss herad ber om at alle med helsefagleg bakgrunn registrerer seg å skjemaet som ligg her: Er du litt usikker, sjå videoen under her, bli trygg og meld deg

Skjema for registrering

Kommunalavdelinga treng folk som både kan jobba i avdelingar med pasientar utan koronasmitte og til avdelingar med koronasjuke.

 

Helsetenestene har sett seg nøydt til å redusera andre tenester for å konsentrera innsatsen mot koronakrisa. Men det betyr at det også er stort behov for hjelp i alle delar av helsetenesta. Dersom det melder seg eldre personar, finst det mange oppgåver som må løysast i område utan kontakt med sjuke pasientar.

 

Etter kvart vil det koma tilsette frå andre kommunalavdelingar, innbyggjarar med helsefagleg kompetanse og frivillige til. Voss herad jobbar i lag med Voss sjukehus for om mogleg å få tak i sjukepleiar- og legestudentar.