Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Heimeundervisning med stengd skule

Heimeundervisning med stengd skule

Alle skulane er stengde for alle som ikkje fyller kriteria for omsorgstilbod på skulane, frå torsdag 12.3.2020 kl. 18.00 til og med 26/3 2020. Det betyr at det vert lagt opp til heimeundervisning. 

I Vossaskulen føreheld me oss til gjeldande retningslinjer, og planlegg førebels for 2 veker fram i tid, men me er budd på at stenginga av skulane våre kan bli forlenga.

Sjølv om skulen formelt er stengt for dei fleste av elevane våre, har elevane framleis ein opplæringsrett og ei opplæringsplikt. Me har lagt opp til fylgjande undervisningsplikt for alle elevar i Voss herad, anten eleven har eit omsorgstilbod på skulen eller eleven får opplæringa i heimen.

Me legg opp til fylgjande undervisningstid for alle skulane i heradet:

  • 1.-4. årssteg- 1 klokketime skulearbeid pr dag med fokus på norsk, matematikk og engelsk
  • 5.-7. årssteg – 2 klokketimar skulearbeid pr dag med hovudfokus på norsk, matematikk og engelsk
  • 8.-10. årssteg- 3 klokketimar skulearbeid- fordelt på alle fag.

I tillegg vil ein leggja opp til praktiske oppgåver knytt til faga kroppsøving, mat og helse og liknande.

 

Undervisninga vil bli lagt opp slik at den er sjølvinstruerande, og at elevane skal kunne klare å gjera oppgåvene utan hjelp. All undervisning skal vera iverksett på alle skular frå og med tysdag 17/3.

Korleis arbeidet blir lagt opp, vil vera individuelt frå skule til skule. Ein legg og opp til at elevane kan nytta læringsbrett og PC. Dei vil bli fylgt opp av skule og lærar, og de vil få meir informasjon om korleis undervisninga vert tilrettelagt på den einskilde skule. Denne informasjonen vil heimane få frå skulen seinast måndag 16/3

 

I og med at me står framfor ein uoversiktleg situasjon, er det vanskeleg å seia noko om kor lenge denne organiseringa av skuledagen vil vare, men me er opptekne av at alle elevar i Voss herad skal bli ivaretekne på ein god måte i denne fasen. Det kan koma endringar på denne organiseringa på kort varsel. Ved spørsmål, kontakt skulen.

 

Måndag 16/3, er det planleggingsdag og vossaskulen er stengt for alle elevar.