Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Helsetilbodet i tida framover

Helsetilbodet i tida framover

Koronautbrotet har hatt stor påverknad på helse- og omsorgstenestene i Voss herad. Her kan du lesa om dei ulike tenestene og korleis dette vert i tida som kjem.

Dagtilbod

Dag- og ettermiddagstilboda i Voss herad føretek no heimebesøk til dei brukarane som har størst behov, samt kor ein ser ein klarer å oppretthalda smitteverntiltaka. Me tilbyr aktivisering i heim og i nærmiljøet til brukar. Dette vil halde fram til over sommaren. Diverre er det ikkje kapasitet til å gi tilbod til alle dagpasientane slik situasjonen er per juni. Me planlegg å gå tilbake til tilnærma normal drift i august/september dersom smittesituasjonen tillèt dette.

 

Rehabilitering

Det har vore full stenging av rehabiliteringsavdelinga på Hagahaugen sidan midten av mars. Frå 8. juni vil me starta opp med to øyremerkte rehabiliteringsenger på Voss sjukeheim. Ein planlegg å opna rehabiliteringstilbodet på Hagahaugen i løpet av september, dersom smittesituasjonen tillèt det.

 

Kvardagsrehabilitering

Tilbodet går no som normalt. Redusert drift i ferieavviklinga.

 

Ergo og fysiotenester

Ergo og fysioterapitenesta er tilbake i drift med smitteverntiltak i høve til bransjestandard. Nokre gruppetreningar har starta opp med smitteverntiltak, andre gruppe startar til hausten. Dette gjeld både dei privatpraktiserande terapeutane og dei kommunalt tilsette terapeutane. 

Dei kommunale terapeutane har tatt i bruk videokonsultasjonar. Det har også nokre privatpraktiserande terapeutar gjort.

Dei kommunale terapeutane har redusert drift i ferieavviklinga.

 

Støttekontakttenesta

Støttekontakttenesta har opna opp att til tilnærma normal drift, med til ein kvar tid gjeldande regler for smittevern. Tenesta er som vanleg sommarstengd.

 

Legetenester og legevakt

Voss interkommunale legevakt vart i mars flytta ut av Voss sjukehus grunna fleire smittevernomsyn . Frå 3. juni er legevakta tilbake i lokala på sjukehuset. Det er viktig at ein tingar time på legevakta dersom behov for å oppsøke legevakta, og at ein oppgir eventuelle symptom eller mistanke om coronavirus.

 

Som eit smitteverntiltak er det oppretta ein luftvegsklinikk for å unngå at pasientar med luftvegssymptom eller andre symptom på coronavirus skal smitte pasientar og personell ved fastlegekontora.

Som følgje av dette tilbodet har ein på ubestemt tid stengt legekontoret i Granvin. Dette for å kunne bemanne luftvegsklinikken, samt nytte utstyr det er trong for i klinikken.

 

Testsenter

Me er i lokala i Lekvebakken. Har du symptom på snu, vond hals, hoste eller feber skal du ta korona test. Ved slike symptom skal du i karantene inntil svar føreligg. Ved slike symptom skal du uansett prøvesvar halda deg heime inntil minst eit døgn etter symptomfridom. Testtelefonen er bemanna frå kl 10 til 12, nummeret er 900 89 662. Testing vert utført tysdagar og torsdagar.

 

Heimetenester

Det er framleis ei begrensing i heimehjelp tilbodet, elles er heimetenesta i nokolunde normal drift.