Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Helsing til tilsette i Voss herad frå rådmannen

Helsing til tilsette i Voss herad frå rådmannen

Voss herad er bygd for sterke opplevingar og skodd for krisehandtering. Men ikkje minst er Voss herad bygd for alle. Her er rådmannen si helsing til alle tilsette i Voss herad.

Voss herad er bygd for sterke opplevingar og skodd for krisehandtering. Men ikkje minst er Voss herad bygd for alle. Sjølve grunnplanken i utviklinga av organisasjonen vår er at kvalitet oppstår i møte mellom menneske. Det er i det mellom-menneskelege me har vår kjernekompetanse, men dette blir naturlegvis utfordra når jobben vår brått er nye ukjende oppgåver eller skal skje gjennom digital undervisning eller frå heimekontor. Korleis kan me sjå den enkelte sine individuelle behov i ein kvardag prega av stadig nye reglar og rammevilkår? Eg veit de har vore kreative og løysingsorienterte det siste året. Både tilsette og innbyggjarar har tilpassa seg og gjort det beste ut av situasjonen. Dette vitnar om at det bur så mykje i denne organisasjonen og heradet at me skal klara å meistra alle utfordringar som kjem vår veg i framtida.

Sjølv om innbyggjarane og brukarane av tenestene våre alltid er fyrsteprioritet må me ikkje gløyma arbeidsmiljøet vårt. Gode relasjonar kollegaer i mellom er sentralt for eit godt arbeidsmiljø. Det er ikkje enkelt å byggja og vidareutvikla gode relasjonar i ein kvardag der me er pålagt å halda avstand og der me ser kvarandre sjeldan. Mykje blir løyst gjennom kjappe telefonar og teamsmøte, men den uformelle praten i trappa, kantina eller ved kaffitraktaren er det dårleg med. Det er ofte her me blir meir personlege eller dei gode idear vert blanda og utforma. Dette er òg viktig for trivsel, kreativitet og effektivitet i organisasjonen. Eg håpar de finn rom for og nye måtar å løysa dette på i arbeidskvardagen.

Også 2021 kjem til å bli prega av covid-19, men det blir langt frå alt me skal driva med. I fjor tok me mange steg i riktig retning av bygginga og utviklinga av organisasjonen Voss herad. Dette arbeidet skal me fortsetja med i år. I haust laga me ein «leiaridentitet» som seier noko om kva forventingar me har til leiarar i heradet. I år skal me arbeida vidare med å utvikla leiarane våre til å bli endå betre leiarar i tråd med desse forventningane. Det mest synlege tiltaket for alle tilsette vil bli gjennomføringa av 10-faktor no i vinter. 10-faktor er ei medarbeidarundersøking og eit verktøy for å utvikla avdelingane rundt om i organisasjonen. Her er det viktig at alle tilsette er med og seier si meining i undersøkinga, og at alle i ettertid er med på å arbeida med resultata og tiltaka de vert einige om i oppfylginga.

I tillegg satsar me vidare på å byggja ein organisasjonskultur tufta på kontinuerleg forbetring eller LEAN. LEAN handlar om å systematisk setja seg endå betre inn i brukarane sine behov og på det viset utvikla og forbetra arbeidsprosessane slik at me prioriterer aktivitetane som gir høgast nytteverdi for brukaren. Møte mellom menneske i praksis. LEAN er ein måte å betra tenestene ved å flytta mynde ut i organisasjonen. Det er ikkje leiinga som sit på alle løysingar. Du som tilsett er like viktig. Du veit kvar ”skoen trykkjer”, og du skal få koma med forbetringsforslag og til slutt er det alle på avdelinga som blir einige om kva de skal prioritera. God kommunikasjonsflyt og gjensidig tillit i organisasjonen er nøkkelord her.  Det handlar om å byggja ein god læringskultur prega av openheit for nye idéar og rom for refleksjon. I LEAN lærer me gjennom å dela informasjon, eksperimentera og trena. Dei som arbeider godt med LEAN opplever god involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga. Dei fleste opplever det som motiverande å få større fridom til å fatta avgjerder ute i organisasjonen på dette viset. Biverknadane er betre arbeidsdag for deg som tilsett, betre kvalitet på tenestene våre og økonomisk gevinst gjennom best mogeleg utnytting av ressursane.

Når me no går i gang med eit nytt arbeidsår er det i visse om mykje uvisse. Covid-19 kjem til å liggja over oss som eit slør i tillegg til den vanlege drifta i heile 2021. Då pandemien traff oss og landet stengte ned i mars 2020 gjekk me inn i ei uvisse som få såg konsekvensane av. Månadane gjekk og me lærte at covid-19 er eit virus som er vanskeleg å halda under kontroll. Me i kriseleiinga i heradet prøver å balansera smittevernstiltaka mot konsekvensane for individ og lokalsamfunn. Me ynskjer heile tida å halda oss på eit minimum av tiltak og legg oss av den grunn på dei nasjonale tilrådingane. For å lukkast med denne strategien er me avhengige av at kvar einskild utviser disiplin i det basale smittevernet. Avstand og reinhald er dei absolutt viktigaste våpena me har i kampen. Smittestatistikken vår syner at her har vossingane våre flinke. Det er viktig at me ikkje gløymer oss på denne fronten i det vidare. Sjølv om vaksinering er i gong er det framleis lenge til alle er heilt trygge.

Noreg har klart seg relativt bra samanlikna med mange land når det gjeld tal sjuke og døde, men dei samfunnsmessige konsekvensane har me endå ikkje god oversikt over. Deler av nærings- og reiselivet vil sannsynlegvis vera råka av etterverknadar i lang tid framover. Dei menneskelege konsekvensane har me lite kjennskap til endå. Mange har opplevd at det som er stabilt og trygt i livet er rokka ved. Sosial interaksjon, møteplassar, kulturliv, arbeidsliv og utdanning er annleis enn det var for eit år sidan. Utfordringsbiletet vårt er heilt annleis enn det var for eit år sidan. Dette stiller nye krav til oss som arbeider i heradet. Ikkje berre står me i endringar sjølv, men dei me er her for, innbyggjarane, treng hjelp, støtte og bistand på andre måtar enn før.

Trass all uvisse, alt som endrar seg og alt som er nytt, så er målet mitt at det skal vera litt betre å vera i tilsette i Voss herad kvar dag. At det skal vera litt kjekkare. At det som var ei utfordring i går ikkje er så vanskeleg i dag. At ting flyt litt betre. Og ikkje minst at det er litt betre å vera innbyggjar i Voss herad. Gjennom gode møte mellom menneske skal me bli verdas beste herad. Dette er mitt ansvar og dette er ditt ansvar.

Lukke til med eit nytt arbeidsår, ta vare på kvarandre og takk for den gode jobben du gjer!