Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Hytteforbod frå 19. mars

Hytteforbod frå 19. mars

Regjeringa har innført forbod mot å overnatta på hytte i ein annan kommune enn der du bur. Kommunane får ikkje gje dispensasjonar, men unntak finst.

I forskrifta heiter det at strengt nødvendig vedlikehald er lov, til dømes å måka snøtunge tak, men det er ynskjeleg at ein då reiser fram og tilbake same dag, og ikkje legg opp til å halda seg på hytta.

Unntak, ikkje dispensasjon

Det er ikkje mogleg å gje noko form for dispensasjon frå forskrifta. Men det er unntak. Dette gjeld der ein eller fleire i husstanden har fått påvist korona. Då kan dei i familien som er friske opphalda seg på hytta. Dette skal ein i så fall ikkje søkja kommunen om dispensasjon for.

Link til forskrifta

Respektert i Voss herad

Forskrifta som gjer det forbode å overnatta på hytte som er i ein annan kommune enn heimkommunen vart vedteke søndag, men vart ikkje sett i verk før torsdag 19. mars. Målet med forskrifta var å oppmoda hytteeigarar om å ikkje opphalda seg på hytta, no er det forbode.

I Voss herad tyder det på at denne oppmodinga er svært stor grad er fylg opp av hytteeigarar. Det er me takksame for.

Kvifor forbod

Når regjeringa likevel vel å setja i verk forskrifta, og med det gjer det straffbart å opphalda seg på hytta, skuldast det at fleire stader i landet har det vore vanskeleg å få hytteeigarar til å respektera denne oppmodinga.

Grunnen til oppmodinga var todelt. Den første er for å unngå smittespreiing. Den andre er at helse- og omsorgstenestene i hyttekommunane ikkje er dimensjonerte for å ta hand om både hyttebuarar og eigne innbyggjarar i ein krisesituasjon som dette.

Forbodet gjeld i første omgang til 1. april, men kan bli forlenga.

Ikkje redusert eigedomsskatt

Eigedomsskatten er ein objektsskatt, og er ikkje knytt til bruken av eigedommen. Det nasjonale forbodet mot å opphalda seg på fritidseigedomar utanfor eigen kommune påverkar difor ikkje plikta til å betala eigedomsskatt.

Velkomen attende

Forskrifta er sett i verk, og skal respekterast. Så ynskjer me alle velkomne attende til heradet vårt når situasjonen har normalisert seg, og alle som ynskjer kan reisa på hytta når de vil.