Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Informasjon om koronasituasjonen i Voss herad veke 11 (per torsdag)

Informasjon om koronasituasjonen i Voss herad veke 11 (per torsdag)

18. mars: Slik er stoda i Voss herad når det gjeld smitte, vaksine og smitteverntiltak.

Etter at AstraZeneca-vaksinen vart sett på vent av Legemiddelverket sist veka opplevde me at ein god del uroa helsepersonell vende seg til legevakta. Det er ikkje meldt alvorlege biverknadar på Voss. Totalt har omlag 300 kommunalt tilsette fått ein dose med AstraZeneca i tillegg vaksinering av tilsette ved sjukehuset

Denne veka er 204 personar vaksinert, slik at me samla no har sett 2047 doser

Ut frå det avgrensa talet AstraZeneca-vaksiner Noreg har fått så langt, og ut frå dei seinkingane det uansett har vore i AstraZeneca-leveransane, vil eit eventuelt bortfall av AstraZeneca neppe seinka den totale tida det tek å vaksinera alle over 18 år her til lands meir enn vel ei veka seier FHI i ei pressemelding. Det er uavklart kva som eventuelt vil skje med dei som ventar på dose to av AstraZeneca. 

FHI melder at personar som har vore smitta av Covid berre treng ei vaksinedose.

Me har hatt ei feil i  «Helseboka» som førte til at enkelte som ikkje skulle få vaksinetime vart innkalla. Me takkar dei som meldte frå om feila. Leverandøren skal ha ordna feila no. 

Det har òg kome ei endring slik at Pfizer-vaksinen no skal setjast med 6 vekers mellomrom (endra frå tre). Det er per i dag berre denne vaksinen Voss herad mottek.

Tal nye smitta: Ingen registrerte smitta i heradet så langt denne veka 

Kor mange er testa: Me har testa 154 personar denne veka. I tillegg har me undersøkt seks pasientar ved luftvegsklinikken.

Nye reglar: Ingen 

Smittesituasjonen i vår region og i landet: Me registrerer eit stort smittetrykk i hovudstaden og fleire andre delar av landet. Førebels ikkje i vår region.

Det er viktig at alle held seg orientert om nasjonale og lokale retningslinjer. Desse endrar seg raskt no som smittetrykket er stort i deler av landet. Grunnleggjande smittevern er det beste våpenet me har mot smittespreiing. Hald avstand, bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand, test deg og hald deg elles heime frå jobb og skule om du har luftvegssymptom.  Vask/sprit hendene og host i olbogekroken om du må. 

Det å ha kontakt med mange andre aukar risikoen for å bli smitta av personar som ikkje veit at dei er smitta. Me rår derfor alle til å redusera tal kontaktar både i private samanhengar, på arrangement og på arbeidsplass, skule og studiestad. Det er lågare risiko for å bli smitta ute enn innandørs.