Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Informasjon om krisepakka til idrett, kultur og det frivillige

Informasjon om krisepakka til idrett, kultur og det frivillige

14. april kan frivillige lag og organisasjonar søkja om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengte arrangement. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkjarane kan bruka tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Over heile Norge har ei rekkje arrangement innan idrett, kultur og det friville vorte utsett, stengt eller avlyst. Krisepakka, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpa situasjonen.

No er mye klart for at aktørar som fell inn under ordninga kan søkja om kompensasjon for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, og meirutgifter som fylgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast grunna koronaviruset.

Det vert opna for søknadar 14. april, men alt no ligg det mykje god informasjon, rettleiing og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og det frivillige (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.

Les meir om disse ordningane på nettsidene www.lottstift.no og www.kulturradet.no