Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Informasjon om testkapasitet sommaren 2021

Informasjon om testkapasitet sommaren 2021

Testsenteret i Lekvebakken 15 har ope for testing måndag til fredag gjennom heile sommaren. Her kan ein sjølv bestilla time på voss.herad.no (BankID) eller ringja tlf. 900 89662 mellom kl. 9-12 alle vekedagar.

Ved sjukdomsutbrot testar me nærkontaktar sju dagar i veka. Det er viktig å presisera at vår teststasjon berre er ein av fleire mogelegheiter for å bli testa ved mistanke om Covid-19. Me har, enn så lenge, ein luftvegspoliklinikk (fastlegane er inngangsporten til den) i tillegg til ordinær døgnkontinuerleg legevaktberedskap. 

Testing må ha ein indikasjon som det heiter på fagspråket. Det betyr at det må vera ein sakleg grunn til testing. Ein indikasjon kan være sterk eller svak. Med FHI sine retningslinjer for slik indikasjonsstilling har Voss herad ei prioritering for testing:

  1. Testing ved utbrot (alle dagar ved behov)
  2. Testing ved indikasjon på sjukdom etter timeavtale på vekedagar
  3. Testing etter nasjonale reglar  for arbeidsflyt (arbeidskraft som er naudsynt)  
  4. Eigenpålagt testing (for eksempel arbeidsgivar som ynskjer at tilsette skal testast med visse intervall)
  5. Festivalar (testing for å komma inn på konsertar eller festivalar)

Punkt 4 og 5: arbeidsgjevar eller arrangør kan òg kjøpa tenester hjå private

Dersom arbeidsgjevar har ei liste med framandspråklege gjestearbeidarar som treng testing i samband med oppheving av innreisekarantene kan arbeidsgjevar kontakta testsenteret og senda over ei liste med namn og D-nummer på dei det gjeld. Basert på smittetrykk er det ikkje mogeleg å garantera testing på ein gitt dato, men bestilling av test-timar god tid på førehand (dersom ein veit at det kjem eit arbeidslag på eit gitt tidspunkt) aukar sjansen for å få dette til.

Karantenehotell er oppretta i grensekommunar eller kommunar med hamn/flyplass. 
Dersom tilreisande (norske turistar) får stadfesta positiv Covidtest under eit opphald på Voss har me plikt til å yta helsehjelp, men den tilreisande har normalt sjølv ansvar for å skaffa seg hotellrom dersom det er naudsynt. Det mest vanlege er at tilreisande reiser heim eller tek isolasjonen på eiga hytte eller liknande.

I heilt spesielle tilfelle er kommunen pliktig til å hjelpa til med isolasjonsstad, ref. Covid-19 forskriften paragraf 8,

Arbeidsgjevar må syta for eigna karantene-/isolasjonsstad for framandarbeidarar dersom ikkje heile karantenetida skjer på karantenehotell ved innreise-hamn, ref. Covid-forskriften paragraf 5d

Hovudregelen er at innreisekarantene framleis varer i 10 døgn (Paragraf 4 bokstav a)

  • Så står det: «Innreisekarantene (...) etter § 4 forkortes dersom personen dokumenterer negativt testresultat i karantenetiden ved PCR-test som tidligst er tatt syv døgn……."

Skal karantenen reduserast frå ti til sju dagar må altså test to takast tidlegast sju dagar etter innreise.

Det er ingenting i vegen for at testen vert teken seinare enn dag sju (snarare tvert imot er det ein fordel for det generelle smittevernet at den vert teken så seint som mogeleg i karantenen, så lenge vedkommande uansett sit i karantene), og helst på dag åtte eller ni fordi ein test på dag sju ikkje fangar opp dei som konverterer til sjukdom på dag åtte eller ni.