Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Ingen nye smitta sidan tysdag

Ingen nye smitta sidan tysdag

13. SEPTEMBER: Det er ikkje rapportert om nye smittetilfelle sidan tysdag 7. september. Heradet held likevel fast på tiltak og tilrådingar fram til nye retningsliner kjem frå regjeringa.

Det er to hovudgrunnar til at me held på tiltak og tilrådingar i tida framover:

  • Me skal ha kontroll på smittesituasjonen i ein overgangsfase
  • Me prøver å unngå forvirring me for mange endringar over kort tid

Les her kvar tiltak og tilrådingar som gjeld

Det er  eit faktum at Voss herad med tiltaka har slått ned all smitte. Det at smitten er slått ned fører også til ingen vert direkte råka av tiltaka, sidan ingen nye elevar og born kjem i karantene så lenge det ikkje er nye smittetilfelle.

Trass i at det no ikkje er meldt om nye smittetilfelle er det viktig å tenkja på smittevern, og syta for god handhygiene, halda minst 1 m avstand , hosta i armkroken og halda seg heime samt testa seg om ein er sjuk.