Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Ingen smittetilfelle så langt denne veka

Ingen smittetilfelle så langt denne veka

Det er ikkje registrert nye tilfelle av koronasmitte i Voss herad så langt denne veka. Talet på stadfesta smittetilfelle er 25 sidan pandemien braut ut.

Det er likevel ikkje mogleg å sjå at dette er ei trend, eller at dette er utslag av godt smittevern i Voss herad. Me ventar at det vil koma fleire smittetilfelle i tida som kjem.

Det er derfor avgjerande at alle gjer det dei kan for avgrensa smittespreiinga. Det betyr å halda fast på dei råd og rettleiing som kjem både frå nasjonale helsestyresmakter og lokalt.

Det betyr basalt smittevern, som god hand- og hostehygiene og at me held fysisk avstand til kvarandre. Rådet er å ikkje gå i grupper på meir enn fem personar ute, og at ein har ein meters avstand. Om ein er inne i lag med andre enn dei ein bur i lag med, skal ein halda to meters avstand.

Voss herad arbeider også med å få fram modellar for korleis pandemien vil utvikla seg i tida som kjem. Voss herad fylgjer lojalt dei råd og retningsliner som kjem frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Les meir om desse råda her: FHI temasider om korona