Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Koronainfo 20. august:

Koronainfo 20. august:

Det har vore aukande smitte den siste veka, med 23 påviste koronatilfelle. Frå og med neste veke, veke 34, vil alle vaksinering skje i gymsalen på Voss ungdomsskule, ikkje i Voss idrettshall. 

I løpet av den siste veka er det registrert aukande smitte i Voss herad. Mellom anna har åtte bebuarar og fem tilsette ved Voss sjukeheim testa positivt. Det er også stadfesta smitte hjå to lærarar, som har ført til at kring 90 elevar ved Skulestad skule hamna i karantene.

Totalt vart det mellom 12. og 20. august registrert 23 nye smittetilfelle i Voss herad. Det er testa fleire hundre personar siste veka.

Endra vaksinestad

Frå neste veke, altså veke 34 vil vaksinering verta gjennomført i gymsalen på Voss ungdomsskule, ikkje i Voss idrettshall. Me får neste veke levert 822 dosar med vaksinen Pfizer og 2300 dosar med vaksinen Moderna.

Viktig informasjon om intervall mellom dose 1 og dose 2:

  • Minimumsintervall Pfizer: 21 dagar
  • Minimumsintervall Moderna: 28 dagar
  • Ved kombinasjon av desse to er tilråding frå FHI eit intervall på 4 veker mellom dosane.

Voss herad ber alle innbyggjarar vera ekstra merksame på dette når dei skal tinga tid til dose 2.

Dei som har registrert seg i vaksinekø, men ikkje fått SMS med tilbod om vaksine, må kontakta vaksinetelefonen, på tlf. nr. 900 89 662.

Voss herad arbeider med å framskunda dose 2 for alle. Me oppmodar om at innbyggjarar sjølve går inn på Helseboka.no og endrar time for dose 2 fram i tid. (Ikkje bruk app).  Alle som har teke dose 1 for minimum 28 dagar sidan kan endra tidspunkt dersom det føreligg ledige timar for. Treng du hjelp til dette, ta kontakt med vaksinetelefonen så hjelper me deg.

Mange vil i desse dagar få SMS med melding om at time til dose 2 er framskunda. Me vonar at dato og tidspunkt for ny time vil høve for så mange som mogleg. 

I løpet av sist veke er det sett 1326 dosar med vaksinen Pfizer denne veka. Totalt er det no sett 16436 dosar med Pfizer og 334 dosar med AstraZeneca.