Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Koronainfo veke 25

Koronainfo veke 25

Sidan torsdag i førre veke er det meldt om 36 nye smitta i Voss herad. 1267 personar er testa, og det er sett 789 dosar med vaksine. Komande veke får Voss 750 dosar vaksine.

Trass i at vaksine beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, er oppmodinga å vera nøye med smittevern. Vaksinerte kan verta smitta og kan smitta vidare.

Sjølv om du er del- eller fullvaksinert, kan du både verta smitta av korona, og smitta vidare. Men du er godt beskytta mot alvorleg sjukdom som fylgje av korona.

– Men me ser, både etter utbrotet på Voss sjukeheim og etter eit sosialt samkome for eit par veker sidan, at vaksine beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. Men sjølv om vaksinerte ikkje ser ut til å verta alvorleg sjuke, ber kommuneoverlegen alle om å vera ekstra nøye med smittevernet.

– Det ser ut til å vera ei oppfatning om at så lenge du er vaksinert, kan du senka skuldrene og ikkje tenkja på korona. Men du kan verta smitta, og smitta andre. Det betyr at du faktisk må oppføra deg som om du ikkje er vaksinert. Altså halda deg heime om du er sjuk, testa deg ved symptom og halda avstand. Dette er faktisk endå viktigare for dei som er vaksinerte, sidan vaksinen også fører til at eventuelle symptom som hovudregel er mildare.

Frå og med fredag 27. august til og med torsdag 2. september vart det gjort 1267 koronatestar på Voss.

Tiltak og tilrådingar

Det er eit stort smittetrykk lokalt. 25 prosent av alle smittetilfella i Voss herad sidan pandemiutbrotet i mars 2020, er kome frå 16. august i år. Det skuldast i hovudsak tre faktorar:

  • Skulane opna
  • Full- og delvaksinerte senka skuldrene i forhold til smittevern
  • Lite drahjelp av nasjonale tiltak

Som fylgje av det relativt store talet på smitta, er det innført fleire tiltak og tilrådingar lokalt.

Tiltak:

  • Gult nivå på alle skular og barnehagar. Det handlar om å avgrensa talet på nærkontaktar og talet på kor mange som kan verta smitta. I tillegg reduserer det også arbeidspresset på heradet sitt smittesporingsteam.
  • Ikkje karantenefritak for elevar. På lik line med alle andre uvaksinerte må elevane i karantene ved kontakt med ein smitta person. Dette er forskriftsfesta av kommuneoverlege, og bidreg til å hindra at smitta nærkontaktar spreier vidare smitte.

Tilrådingar:

  • Sjølv om ein etter forskrift er friteken for smittekarantene, ber me om at vaksinerte testar seg med ein gong, og etter sju dagar, om ein er definert so nærkontakt med ein smitta person.
  • Me ber også om at ein held seg heime i karantene til svaret på første test er klar. Det gir heradet eit visst pusterom i arbeidet med testing og smittesporing, ved at full- og delvaksinerte ikkje umiddelbart spreier viruset vidare.

Smittetrykket vil gå ned

– Me er der at me er takknemlege for at vaksinerte i liten grad utviklar alvorleg sjukdom, og dei fleste born og unge merkar knapt at dei er smitta. Det betyr at Voss herad, ut frå eit overordna syn på folkehelsa, trur tida er inne for å vurdera å trappa ned den individuelle oppfylginga av dei som er smitta. Altså, slutta med smittesporing, isolasjon og karantene. Helsegevinsten står ikkje i forhold til dei ressursane som vert beslaglagt , seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. – Men så lenge nasjonale styremakter pålegg oss å gjera dette, fylgjer me sjølvsagt det. Men me ynskjer oss signal frå styremaktene om at me kan trappa ned.

Møt til vaksinetimen

  • Det har vore mange som ikkje har møtt til vaksinasjon denne veka, utan at dei har gitt beskjed om at dei ikkje møter til timen. Me minner om at alle som ikkje kan møte til timen sin, må gi beskjed om dette i så god tid som mogleg på førehand. Dersom du har flytta frå bygda og får dose 2 i ein anna kommune, er det viktig at du gir beskjed om at du skal avbestille timen. Ein kan, inntil 24 timar før vaksinetime, sjølv endra eller avbestille time.
  • Voss herad fylgjer nasjonale retningslinjer om anbefaling om å gi tilbod om tredje vaksinedose til personar med alvorleg svekka immunforsvar. FHI vil om kort tid senda ut informasjon til kommunane med utfyllande informasjon om tilbod om tredje dose. Voss herad vil kome med fortløpande informasjon så snart dette føreligg.
  • FHI tilrår no at 12- 15 åringar får tilbod om koronavaksine. Vaksinasjon skal bestå av ein dose i fyrste omgang. Vaksinasjon vert tilbode til årskull 2006- 2008, samt alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år. Også her fylgjer Voss herad dei nasjonale retningslinjene og vil gi tilbod til 12- 15 åringar så snart dette let seg praktisk gjennomføre. Meir informasjon om tilbodet vil koma.
  • Me minner om at 16- 17 åringar som ynskjer vaksine må registrere seg i Helseboka.no . Det er viktig at ein bestiller time til vaksinasjon så snart ein får sms med invitasjon til å bestille seg time. Me ynskjer i hovudsak at 16- 17 åringar tek i mot tilbodet om fyrste vaksinedose 8. eller 9. september. Ein kan kontakta vaksinetelefonen dersom ein har behov for hjelp til å bestille seg time. Nummer til vaksinetelefonen er 900 89 662 mån- fre 09- 12
  • Denne veka hadde me for fyrste gong drop- in tilbod for vaksinering. Det møtte 40 personar til drop- in onsdag 1. september. Me kjem til å arrangera fleire dagar der me tilbyr drop- in , fylg med på Voss herad sine nettsider for informasjon framover.
  • Torsdag 2. september hadde me open dag for innbyggjarar med innvandringsbakgrunn. Her hadde me godt samarbeid med Røde Kors, Vaksenopplæringa ved Voss kulturskule og flyktning – og integreringstenesta.  Det møtte 45 personar til dette tilbodet.
  •