Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Koronatiltak per 18.01.21

Koronatiltak per 18.01.21

18. JANUAR: Regjeringa tilrår framleis heimekontor for alle som har moglegheit til dette. Voss herad følgjer denne tilrådinga, som gjeld inntil vidare. Det vert opp til einingsleiarane å avgjera kven som ikkje kan jobba frå heimekontor.

For ikkje-kommunale verksemder vert det opp til arbeidsgjevar om tilsette skal ha heimekontor, men Voss herad oppmodar alle om fylgja dei tilrådingane som kjem frå regjeringa.

Sjølv om det no ser ut til å vera lite smitte i Voss herad, er det likevel viktig at alle fylgjer grunnleggande smittevern. Hald avstand, vask eller sprit hendene ofte, host i armkroken og hald deg heime om du er sjuk.