Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Kvifor det er variasjon mellom vaksineringstempoet i kommunar

Kvifor det er variasjon mellom vaksineringstempoet i kommunar

Det er mange som ventar på å få vaksine mot covid-19 og det vart i Hordaland 9. mars stilt spørsmål ved kvifor det er ulikt tempo på vaksineringa i Vaksdal kommune og Voss herad.

Vaksinetal frå veke 1 til og med veke 9 (sist veka): 

Voss: 282 glas Pfizer (1657 doser) + 20 glas AZ (226 doser), til saman 1883 doser (faktiske tal)

Vaksdal: 75 glas Pfizer (450 doser) + 10 glas AZ (100 doser), til saman 550 doser (stipulert ved 6 opptrekk per Pfizer-glas og 10 per AstraZeneca)

Vaksdal: 550/3918 = 14,03 % av befolkninga

Voss: 1883/15787 = 11,93 % av befolkninga

Med andre ord har Vaksdal fått fleire vaksiner per innbyggjar enn Voss. Hadde Voss fått like mange dosar som Vaksdal per innbyggjar skulle me ha fått 2216 dosar per veke 9. Det vil seia 333 fleire dosar.

Det er i tillegg slik at fleire variablar som spelar inn:

  • Det kan variera mellom kor mange dosar ein får opp av kvart glas (frå 5 til 7 hjå Pfizer (normerte talet 5) og frå 10 til 12 hjå AstraZeneca (normert tal er 10)). Dei fleste får opp 6 dosar med litt trening, men eit glas kan altså gje eit varierande tal vaksinerte.
  • Prosentdelen av eldre over 85 år som takkar ja til vaksine kan variera frå kommune til kommune. Dersom mange over 85 år takkar nei kjem ein raskare i gong med dei yngre aldersgruppene
  • Når det gjelder vaksinering av bebuarar i omsorgsbustader så var dette inne på FHI sine prioriteringslister i starten rett og slett fordi det er ein flytande overgang medisinsk sett mellom dei to populasjonane. 

Heldigvis er det varsla talet på vaksiner inn til landet og ut til kommunane skal auka utover våren. I mellomtida må me hugsa på det basale smittevernet og syta for å halda oss sjølve og andre friske.

(Kjelde tal hetteglas: https://www.fhi.no/nettpub/koronavaksinasjonsveilederen-for-kommuner-og-helseforetak/distribusjon-av-koronavaksiner/vaksinasjon-ved-koronapandemi/. Litt ned på sida finn du ei lekkje til arket Fordeling av koronavaksine per kommune uke 1-11 (xls)