Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Legekontor stengt grunna korona

Legekontor stengt grunna korona

Vossamed og Dr. Sæthre sine legekontor er stengt grunna koronasmitte. Dei pasientane som er definert som nærkontakt er eller vil verta kontakta i løpet av dagen i dag eller i morgon.

Voss herad går ut med namn på legekontora etter samtykke frå begge kontora, og håpar at dette reduserer eventuell uro hjå innbyggjarane, og motvirka spekulasjonar.  

Voss herad har opplevd auke i talet på smitta dei siste dagane, og fekk melding om til saman seks nye tilfelle torsdag 12. november. Brorparten av desse har vore i karantene, og er testa. Desse representerer slik sett liten smitterisiko.

 

Som føre var-tiltak grunna det store talet nærkontaktar som fylgje av at to legekontor er stengt, innfører Voss herad nye tiltak for å hindra spreiing av smitte. Rådmannen har også sett krisestab for å fylgja utviklinga gjennom helga.

 

I tillegg til basalt smittevern og nasjonale tiltak gjeld desse tiltaka for Voss herad frå no og inntil vidare:

 

Heimekontor skal nyttast når dette er mogleg. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet ved heimekontor

Tilrår bruk av munnbind på reise, butikk og andre stader der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand til andre

Alle sjukeheimar vert stengt for besøk (gjeld førebels til og med tysdag 17. november)

 

Eit stort tal nærkontaktar vert testa gjennom helga. Testsenteret er ope laurdag frå kl 10. Koronatelefonen er open mellom kl 10 og 12 laurdag.

 

Generelle spørsmål om korona må stillast til den nasjonale koronatelefonen på telefon 815 55 015 Treng du koronatest, bør denne tingast på nett.