Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Legevakt vert flytta, tilbod vert stengt ned

Legevakt vert flytta, tilbod vert stengt ned

Koronakrisen fører til endringar innan helse og omsorg.

Fylgjande endringar er beslutta:

  • Legevakt vert flytta ut frå Voss sjukehus og vert etablert i Lekvebakken, same stad, men i god avstand frå, testsenteret for korona. Voss herad kjem attende med ny informasjon når flyttinga er gjennomført.
  • Hagahaugen vert stengt for å frigjera kapasitet på personellsida. Alle som er på rehabiliteringsavdelinga vil me finna andre løysingar for.
  • Legekontoret i Granvin vert stengt frå måndag o inntil vidare for å frigjera kapasitet for å handtera koronakrisen.

 

Voss herad jobbar tett saman med Voss sjukehus for å løysa krisa på best mogleg måte for innbyggjarane. 

Denne situasjonen vert krevjande for oss og me oppmodar folk til å ta heim så mange som mogleg av sine. I tillegg vil me ha behov for mykje hjelp frå innbyggjarar til mange oppgåver næraste tida. Samstundes må alle ta råda for myndigheitene på høgste alvor å halda seg mest mogleg heime.