Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Mellombels flytting av Voss interkommunale legevakt

Mellombels flytting av Voss interkommunale legevakt

Voss Interkommunale Legevakt vert flytta til Lekvebakken 15 B og C måndag 23.03.20 kl. 16.00

På grunn av smittesituasjonen med Covid-19 flyttar Voss interkommunale legevakt ut av noverande lokale på Voss sjukehus til eigne lokale i Lekvebakken 15 B/C, 5704 Voss. Legevakta vil framleis sikra at befolkninga får den legehjelpa som er nødvendig utanom fastlegen si opningstid. Med «nødvendig» meiner ein først og fremst: 

  • Akutte livstrugande sjukdommar/skade, eller mistanke om dette.
  • Alvorlege sjukdommar, eller mistanke om det.
  • Sjukdommar eller skade der det kan medføra fare for varig helseskade eller vesentleg forverring/forlenging om ein ventar til neste dag med å ta kontakt med lege.
  • Sjukdommar som medførar vesentleg smerte, angst eller andre plager.

 

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

Kvardagar kl 08-16: Ring fastlegen din
Andre tider: Ring legevakt på 116 117

Ingen skal møta opp på Legevakta utan å ringa 116 117 først og få tildelt time.