Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nye smittetilfelle i Voss herad

Nye smittetilfelle i Voss herad

Ein bebuar på Vossestrand Omsorgstun har fått påvist korona. Vedkomande er utan symptom, men vart testa i samband med overføring til ein institusjon i ein annan kommune.

Vedkomande er alt på plass i institusjonen utanfor kommunen, og vert tatt hand om der.

Kommuneoverlege Eystein Hauge har drøfta handteringa av den spesifikke situasjonen med Folkehelseinstituttet.

Vossestrand Omsorgtun har lister over kven som har besøkt vedkomande, og både besøkande og familie vert fylgt opp som nærkontaktar. Det same gjeld for tilsette som har vore i kontakt. Alle nærkontaktar vert sett i karantene, og testa. Bebuarar som er på same avdeling får ikkje forlata avdelinga inntil vidare, og Vossestrand Omsorgstun er inntil vidare stengt for besøk.

Det er ukjent korleis bebuaren har fått smitta, og som ledd i smittesporinga vert alle bebuarar på Vossestrand Omsorgstun testa. Det er førebels ingen bebuarar med symptom på korona.

 

Torsdag kveld vart det også stadfesta eitt anna smittetilfelle. Denne personen har milde symptom. Voss herad kjenner heller ikkje smittekjelda til denne personen, og driv smittesporing. Dette tilfellet er ikkje kopla til Vossestrand Omsorgstun.