Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nye smittetilfelle, ny klasse i karantene

Nye smittetilfelle, ny klasse i karantene

19. NOVEMBER: Torsdag kveld vart det registrert ytterlegare to nye smittetilfelle i Voss herad, noko som gjer at det til saman er tre nye tilfelle i løpet av torsdag 19. november. Det eine tilfellet gjer at ytterlegare ei klasse ved Voss ungdomsskule må i karantene. 

Det eine tilfellet er ein elev i ei ny klasse ved Voss ungdomsskule. Smittetilfellet fører til at heile klasse 9 A må i karantene og testast. Smitta er spora attende til same smitte som førte til at to legekontor vart stengde sist veke.

Skulen utarbeider elevlister som smittesporingsteamet vil nytta for å koma i kontakt med alle elevane som er omfatta. Skulen sender også melding via Transponder til alle heimane som vert omfatta av dette tilfellet.

Voss ungdomsskule vart stengd onsdag kveld, og har digital heimeundervisning til og med onsdag 25. november grunna smittetilfelle i tre klassar på tre årstrinn.

Det andre tilfellet som vart meldt torsdag kveld er smitta av familie, og er i isolasjon. Status for det første tilfellet som vart meldt tidlegare torsdag ettermiddag er at det vert jobba med smittesporing.