Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Nye smittetilfelle ved Voss sjukeheim

Nye smittetilfelle ved Voss sjukeheim

Voss herad har tysdag kveld fått melding om ytterlegare sju smitta bebuarar ved Voss sjukeheim. Også ytterlegare ein tilsett er stadfesta smitta tysdag, noko som betyr at det sidan laurdag 14. august er registrert åtte smitta bebuarar og fire smitta tilsette ved sjukeheimen.

– Alle dei smitta er i same avdeling, og er isolert der, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. – Alle som har ynskt vaksine, er for lengst fullvaksinerte.

Avdelinga er isolert frå resten av sjukeheimen, og alle bebuarane er no testa.

Fleire tilsette er i karantene, men drifta ved sjukeheimen går som normalt.

Sjukeheimen har vore stengd for besøk sidan laurdag.

I tillegg til dette er det registrert tre andre smittetilfelle i Voss herad. To av desse er i relasjon til stadfesta smitta tilsett på Voss sjukeheim. Den tredje har anna smitteveg. Voss herad gjennomfører smittesporing.

Til saman vart det meldt om 11 nye smittetilfelle på Voss tysdag kveld, noko som er det høgaste talet på smittetilfelle på ein dag i Voss herad sidan pandemien braut ut i mars i fjor.