Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nye smittetilfelle

Nye smittetilfelle

14. november: Voss herad har fått melding om eitt positivt prøvesvar. Vedkomande er definert som nærkontakt til eitt av dei to legekontora som er stengde.

Det vart testa eit stor tal nærkontaktar fredag. Voss herad får berre melding om positive prøvesvar, ikkje dei prøvene som er negative.

Det tek mellom 24 og 48 timar å få svar på prøvene, slik at det kan koma fleire positive svar utover i helga.

Fredag ettermiddag fekk Voss herad også melding om to andre tilfelle. Eitt av desse tilfella er ikkje heimehøyrande på Voss, men er testa her. Det andre tilfellet er heimehøyrande i heradet. Alle som testar positivt vert fylgt opp gjennom isolasjon og smittesporing.