Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nye tilfelle fører til mange nærkontaktar

Nye tilfelle fører til mange nærkontaktar

15. NOVEMBER: Det er stadfesta tre nye smittetilfelle. Det fører til mange nærkontaktar, og alle som har vore innom Vossamed legesenter måndag, tysdag eller onsdag sist veke, må gå i karantene fram til måndag ettermiddag medan smittesporinga pågår. Alle definerte nærkontaktar vert kontakta av Voss herad i løpet av dagen i dag og i morgon.

Det er stadfesta tre nye smittetilfelle, alle lenkja til eitt av dei stengte legekontora. Dette medfører at eit stort tal nærkontaktar må fylgjast opp, og det vil ta noko tid for smittesporingsteamet å koma i kontakt med alle.

Voss herad ber difor alle som har vore inne hjå Vossamed legesenter måndag, tysdag eller onsdag denne veka, altså 9., 10. eller 11. november, gå i karantene, fram til smittesporingsteamet har fått kontakt med alle som er definerte nærkontaktar.

Dei som ikkje er kontakta innan måndag kl 16 er ikkje definert som nærkontaktar, og kan då gå ut av karantene og oppføra seg som vanleg.

Det er berre dei som har vore innom legekontoret som skal vera i karantene, familiemedlemar er ikkje definert som nærkontaktar.

 

Dette er reglar for karantene:

  • Du kan vera med borna dine som normalt, men hald ein meter avstand til andre vaksne, og unngå besøk.
  • Du skal ikkje gå på skule, barnehage, jobb eller andre aktivitetar utanfor heimen
  • Du skal ikkje reisa
  • Du skal ikkje ta offentleg transport
  • Du bør som hovudregel ikkje oppsøkja offentlege stader, som butikkar og kafear. Om du ikkje har andre alternativ, kan du gå på butikk eller apotek for nødvendige ærend, men hald minst ein meter avstand til andre
  • Du kan gå tur ute, men hald minst ein meter avstand til andre.
  • Ver merksam på eigne symptom, om du får akutt luftvegsinfeksjon med feber, tung pust, hoste eller mister smak- og luktesans vert du rekna som sannsynleg smitta
  • Det er mest vanleg å vera i karantene heime. Om du vel å vera i karantene andre stader, må det vera ein plass du kan unngå kontakt med andre vaksne.