Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nye tilrådingar om korona

Nye tilrådingar om korona

Voss herad fylgjer framleis dei råd og retningsliner som kjem frå nasjonale styremakter. Torsdag 5. november kom regjeringa med nye tilrådingar i samband med aukande smitte i samfunnet.

Reglar som er nye og som gjeld heile landet:

  • Grense på inntil 20 personar på private samankomstar på offentlege stader og i leigde lokale. 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte stolar. Inntil 200 personar på innandørs arrangement der publikum sit i fastmonterte sete. Gjeld frå midnatt, natt til måndag 9. november.
  • Det vert innført nasjonal skjenkestopp ved midnatt. Serveringsstader med skjenkeløyve kan ikkje sleppa inn nye gjester etter kl 22. Gjeld frå midnatt 7. november, natt til laurdag.

Tiltak som er ny og som gjeld heile landet:

  • Regjeringa tilrår at alle held seg mest mogleg heime, og unngår sosial kontakt i vekene som kjem
  • Unngå unødige reiser innanlands. Arbeidsreiser so vert vurdert som nødvendige og reiser til fritidseigedomar som kan gjerast utan kontakt med andre kan gjennomførast.

 

Så langt som mogleg skal både skular og barnehagar driva som normalt.

Les regjeringa sine nye og oppdaterte råd og reglar her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/-hold-dere-hjemme-ha-minst-mulig-sosial-kontakt/id2783763/

Voss herad har tidlegare definert seg som ein kommune med nær kontakt til Bergen gjennom pendling. I tråd med tilrådingane frå Folkehelseinstituttet tilrår Voss herad framleis heimekontor for dei som anten bur i Bergen og arbeider på Voss eller motsett. Dette gjeld der det er praktisk mogleg og ikkje til hinder for driftsoppgåver. For tilsette i Voss herad som ikkje pendlar frå Bergen skal bruk av heimekontor avklarast med næraste leiar.

Voss herad tilrår også bruk av munnbind på kollektivreiser der det ikkje er mogleg å halda avstand på ein meter til andre reisande.

Hugs også dei basale råda om godt smittevern: Hald avstand, hald deg heime om du er sjuk, host eller nys i armkroken og vask eller sprit hendene ofte.

Og hugs ein ting til, ta vare på kvarandre!