Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Nye tiltak mot korona

Nye tiltak mot korona

Voss herad tilrår bruk av munnbind på alle kollektivreiser mellom Voss og Bergen. Dette gjeld i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand. Voss herad tilrår også bruk av heimekontor, der det er mogleg, for innbyggjarar med arbeidsplass i Bergen, og for dei som pendlar mellom Bergen og Voss.

Bakgrunnen for dette er nye tilrådingar frå Folkehelseinstituttet til kommunar som har nær kontakt med Bergen. Voss herad definerer seg som ein kommune som har innbyggjarar som har nær kontakt med Bergen gjennom pendling.

Tilrådingane gjeld frå i dag og inntil vidare.