Det er påvist nok eitt tilfelle av koronasmitte i Voss herad, det totale talet er no 25 smitta. Vedkomande som har testDet er påvist nok eitt tilfelle av koronasmitte i Voss herad, det totale talet er no 25 smitta. Vedkomande som har testa positivt no har lette symptom, og er isolert heime.
Også i dette tilfellet er det meldt om forbigåande tap av smak- og luktesans. Dette er eit symptom me ser hjå 25 prosent av alle som har testa positivt i Voss herad.
Dette symptomet er ikkje like vanleg ved ordinær influensa. Voss herad ber derfor om at alle innbyggjarar i kommunen som har ein form for luftvegsinfeksjon og i tillegg mister smak- og luktesans, tek forholdsreglar som om dei er smitta av korona. Det vil seia at dei held seg inne i eigen heim til ei veke etter at dei er symptomfrie.
Det er ikkje nødvendig å kontakta testsenteret i kommunen eller legevakt ved slike symptom, men dersom symptoma utviklar seg så ein vert sjukare, ta kontakt med fastlege eller legevakt.a positivt no har lette symptom, og er isolert heime.
Også i dette tilfellet er det meldt om forbigåande tap av smak- og luktesans. Dette er eit symptom me ser hjå 25 prosent av alle som har testa positivt i Voss herad.
Dette symptomet er ikkje like vanleg ved ordinær influensa. Voss herad ber derfor om at alle innbyggjarar i kommunen som har ein form for luftvegsinfeksjon og i tillegg mister smak- og luktesans, tek forholdsreglar som om dei er smitta av korona. Det vil seia at dei held seg inne i eigen heim til ei veke etter at dei er symptomfrie.
Det er ikkje nødvendig å kontakta testsenteret i kommunen eller legevakt ved slike symptom, men dersom symptoma utviklar seg så ein vert sjukare, ta kontakt med fastlege eller legevakt.