Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nytt koronatilfelle

Nytt koronatilfelle

6. november: Det er stadfesta nok eitt tilfelle av korona i Voss herad. Dette personen er også nærkontakt av vedkomande som vart stadfesta smitta tidleg denne veka. 

Dette nye tilfellet fører også til at ein klasse med 15 elevar og tre lærarar ved vaksenopplæringa er i karantene. Denne karantene varer til måndag 9. november, sidan siste nærkontakt klassen hadde med den som er smitta var fredag 30. oktober, for ei veke sidan.

 

Born og andre familiemedlemar til dei som no er i karantene, er ikkje i karantene, og kan gå på skule, barnehage og arbeid som vanleg.