Fylkesmannen si vurdering om at Myrkdalen kan opna skianlegget, betyr at liknande verksemder som driv med ei eller anna form for aktivitet også kan starta opp att.
Det vert opp til den enkelte verksemda å vurdera om dei er omfatta av nasjonale påbod om å halda stengt eller ikkje. Om vurderinga er at ein ikkje er omfatta av nasjonalt påbod, må verksemda så vurdera om det er mogleg å gjennomføra drift med forsvarlege smitteverntiltak.
Dette betyr at Voss herad no får ei rettleiande rolle i høve til nasjonal forskrift, og skal føra tilsyn med at drifta er smittevernfagleg forsvarleg. Dette betyr ikkje at Voss herad skal utforma eller godkjenna smitteverntiltaka til den enkelte verksemd på førehand.
Dei ulike tiltaka som har vore innført for avgrensa smittespreiing i samfunnet, ser ut til å ha vore vellukka. Det betyr ai gradvis oppmjuking av ulike tiltak. I samband med denne opninga av aktivitetstilbod, er det no altså opp til den enkelte å vurdera, og ein skal ikkje søkja kommunen eller kommuneoverlegen på førehand.