Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Oppdatering korona Voss herad 30.juli 2021

Oppdatering korona Voss herad 30.juli 2021

Denne veka fekk me 1710 doser. Grunna store vanskar med å få inn innbyggjarar til dose 1, har me spart 67 glas til neste veke.

Me har i veke 30 sett 1308 dosar med vaksinen Pfizer

Me har no sett til saman 13977 doser med vaksinen Pfizer og 334 doser med vaksinen Astrazeneca

I veke 31 ventar me å få 102 doser med vaksinen Pfizer. I tillegg set med dei 402 dosane som me har spart frå veke 30.

Me har testa 130 personar for Covid og ikkje fått nokon positive svar. 

 Viktig informasjon:

  •  Det er fleire som flyttar ut av bygda og som ynskjer dose 2 i ein anna kommune. Dersom du ikkje skal nytta deg av time til vaksinedose 2 som du har tinga, må du avbestille denne, eventuelt meld frå ved å ringa vaksinetelefonen Voss herad ; 90089662
  • Me viser til pressemelding der det vart opna opp for at innbyggjarar som hadde høve til å framskunda dose 2 grunna ledige timar 29. juli og 4. august. Me gjer merksam på at det no ikkje er ledige vaksinetimar att.
  • Me minner igjen om at det er svært viktig at kvar einskild sjekkar tidspunkt og dato for vaksinetime nøye, og at ein møter presis til time. Dersom du ikkje kan møta til vaksinetimen MÅ du melda frå. Bruk vaksinetelefonen tlf 90089662 i Voss herad.
  • Det er ein aukande smittetrend i landet. Hugs at dei grunnleggjande smittevernreglane er effektive for å unngå smittespreiing.