Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Oppdatering om korona

Oppdatering om korona

Det er i løpet av dei siste dagane stadfesta 10 tilfelle av koronasmitte i Ulvik herad. Mikrobiologisk avdeling på Haukeland har i dag gjort ein førebels screeningtest, som tyder på at utbrotet er forårsaka av den britiske varianten av viruset. Det er ein samanhang mellom utbrotet i Ulvik og smittetilfelle i Voss og mogleg samanheng i Kvam.

Det medfører at husstandmedlemmer av nærkontaktar også må gå i karantene til det føreligg ein negativ pcr-test av nærkontakten. Dette er eit ekstra, førebyggjande tiltak knytt til denne varianten av koronaviruset som FHI har tilrådd. Dei det gjeld vert også kontakta om dette.

Kommunane Voss, Eidfjord, Ullensvang og Kvam har seint i ettermiddag vore i møte med Ulvik herad, Statsforvaltaren, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Ei lokal forskrift er gjort gjeldande i Ulvik. FHI har ikkje rådd til omfattande tiltak i dei andre kommunane i Hardanger/Voss-region per no, men dei fire kommunane vil understreka tidlegare gjevne nasjonale råd:

- Det vert rådd til at alle som kan ha heimekontor også har dette. Arbeidsgjevar avgjer kven som kan ha heimekontor.

- Det vert rådd til å avgrensa sosial kontakt i størst mogleg grad. Det vert oppmoda til å møta andre utandørs, og til å ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar. Born i barnehage- og barneskulealder kan ha besøk frå sin eigen kohort.

- Det vert rådd frå reiser i inn- og utland som ikkje er naudsynte.

I tillegg vert det lokalt sterkt oppmoda til bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein avstand på ein meter. Det kan til dømes vera i butikkar og på kollektivtransport.

Hugs også på generelle smittevernråd. Pass på god hand- og hostehygiene. Praktiser sosial avstand. Hald deg heime om du er sjuk, og test deg for koronasmitte dersom du får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon.