Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Oppdatert om covid-19 pr 25. februar

Oppdatert om covid-19 pr 25. februar

Oppdatert informasjon om testing - isolasjon - smittesporing - karantene - vaksineprogrammet. 

Testsenter, test telefon og bestilling av test 
 

Det er utført 6670 testar på testsenteret i Lekvebakken pr 22.02.2021. I tillegg testar helse og omsorg bebuarar på sjukeheim og tilsette i helse og omsorg ute i den avdelinga dei tilhøyre. 
Test telefonen er som før open måndag-fredag frå kl. 09.00-12.00.
Me vil og opplysa om at Bergen kommune har eit drop-in tilbod på Festplassen som er ope kvar dag .

Isolasjon 
 

Ved positiv test vert personen kontakta av kommuneoverlegen og sett i isolasjon, 10 dagars  varigheit frå symptomstart.​ Nærkontaktar vert registrert av den smitta, eks. vener, føresette, kollegaer eller skule/bhg og formidla til smittesporingsteamet​ .

Smittesporing​ 


Smittesporingsteamet ringjer alle nærkontaktar, kartlegg dei og informerer om karantene, samt set dei opp på time til testing.​ 

Karantene​ 


Nærkontaktar har 10 dagar karantene frå siste kontaktpunkt med den smitta.​ 
For tida tek me test 2 på dag 7 for alle nærkontaktar, grunna førekomst av mutert virus.​ 
Ventekarantene for hustandsmedlemmar av nærkontaktar gjeld til testsvar kjem og er negativt​ .

Vaksineprogrammet 


Alle bebuarar i sjukeheim og bemanna omsorgsbustader samt alvorleg sjuke brukarar  av heime-tenesta er vaksinerte.​ 
24.02 er det i Voss herad sett 1391 dosar med Pfizer og 100 dosar med AstraZeneca. 504 personar har fått 2 dosar og er dermed ferdig vaksinerte. 
Me får framleis få vaksinar​ men har starta med vaksinering på voss ungdomsskule. I gruppa frå 85 år og eldre er det att 140 personar, me prøver å nå alle desse i løpet av kort tid. 

Heradet ber om at pårørande hjelper oss å nå dei over 85 år som enno ikkje har meldt seg på nettsida til voss herad. Ring gjerne vaksinetelefonen 900 89 662. Dei som har meldt seg med ynskje om vaksine vil få ein sms med dato for vaksinering og ei påminning dagen før vaksinering.  

For å unngå smitte må ingen møta til vaksinering dersom du har symptom på covid-19 eller er sjuk av andre årsaker. Me ber og om at du ikkje møter meir enn 5 min før timen slik at me unngår gå og mykje folk samla I ventearealet. 
Dersom du skulle komma for seint er det berre å melda seg så vil du få din vaksine så snart me har tid.  

Me vonar å kunna starta med gruppa frå 75-84 I veke 10 eller 11. Det er enno att ein del helsepersonell som ikkje har fått fyrste dose. 

Alt helsepersonell må melda si interesse på voss herad -  registrering for coronavaksine.