Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

OPPDATERT: Skjenkereglar frå 22. januar

OPPDATERT: Skjenkereglar frå 22. januar

Voss herad følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane - òg for alkoholservering til mat.

Regjeringa endrar skjenkereglane frå og med 22.januar og droppar nasjonal skjenkestopp. Det betyr at det vert innført same tiltak som var gjeldande nasjonalt før skjenkestoppen vart innført 4. januar. Det vil seia at det vert skjenkestopp ved midnatt, og gjester kan ikkje sleppast inn etter kl. 22.00. Alkoholservering kan berre skje i samanheng med matservering.

Definisjon av kven som kan ha matservering finn ein i serveringslova §2

 § 2.Lova sitt verkeområde

Lova gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det vert servert mat og/eller drikke og der tilhøva legg til rette for fortæring på staden.

I forskriftsendringa, som no er sendt til kunngjering, står det fylgjande:  

Serveringsstader som har skjenkeløyve skal berre servera alkohol ved bordservering, og det skal vera sitjeplassar til alle gjester. Servering av alkohol kan berre skje til dei som får servert mat. 

Det betyr at kvar enkelt gjest må bestilla mat viss dei skal få servert alkohol. Det held ikkje at berre ein av gjestene, i ei gruppe på til dømes fire personar, bestiller mat.  

Voss herad kan følgje dei nasjonale skjenkereglane fordi me har lågt smittetrykk, men me må få presisera at dette kan fort snu. Difor er det viktig at me held fram med å halda avstand og følgje smittevernreglane, slik at me unngår nye smittebølger.

Serveringsbransjen i heradet har vore dyktige i å etterleva pålegg om smittevern i pandemien så det er godt at me no i ein periode med lågt smittetrykk kan opna litt opp att på dette feltet.

Voss herad 21.01.21