Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Overnattingsstader kan opna att 20. april, skiheisanlegg vert stengt ut sesongen

Overnattingsstader kan opna att 20. april, skiheisanlegg vert stengt ut sesongen

Kommuneoverlegen i Voss herad har vedteke å ikkje forlenga vedtaket om stenging av overnattingsstader lenger enn til og med 19. april. Det betyr at hotell, campingplassar, utleigehytter for kortidsutleige og liknande kan opna att 20. april. I same vedtaket vert skiheisanlegg i Voss herad  stengt ut vintersesongen 2019/2020. 

Det nye vedtaket kjem som fylgje av vedtaket i formannskapet 1. april, der alle skiheisanlegg og alle overnattingsstader er pålagt å stengja grunna den nasjonale situasjonen med raskt aukande overføring av koronavirus.

14. april vedtok kommuneoverlegen å forlenga stenginga overnattingsstader til og med 19. april og av skiheisanlegg ut sesongen.

 

Opninga av overnattingsverksemder vert gjort samtidig som at det nasjonale forbodet mot å overnatta på hytte i annan kommune enn heimkommunen også vert oppheva, og er også i tråd med signala frå regjeringa om gradvis oppmjuking av tiltak. Men Voss herad legg til grunn at alle overheld dei nasjonale råda om å unngå unødige fritidsreiser, sjølv om overnattingsstader ikkje lenger vert pålagt å halda stengt. 

 

Voss herad har registrert lite besøk til kommunen i påska, og er nøgd med at folk har vore flinke til å overhalda forbodet om overnatting på hytta, og at dei opptrer i høve dei nasjonale råda om smittevern og å unngå unødige fritidsreiser.

 

Voss herad har ikkje fått påvist fleire smitta sidan 28. mars. Men me kan ikkje slutta med tiltak for å hindra smittespreiing. Det betyr å halda avstand til kvarandre reint fysisk, ikkje samlast i grupper på meir enn fem personar, vaska hendene, ha god hostehygiene og fylgja dei retningsliner og råd som kjem frå sentrale helsestyresmakter.