Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Planlegg reisa di godt for å unngå smitte

Planlegg reisa di godt for å unngå smitte

Kommunane Ulvik, Eidfjord, Voss, Ullensvang, Kvam, Samnanger har i kveld hatt møte med Statsforvaltaren, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatera kvarandre på situasjonen per no og diskutera eventuelle felles tiltak.

Kommunane er einige om at dei nasjonale råda ligg til grunn for å førebyggja smitte. Vidare gjer kvar kommune eigne vurderingar om ytterlegare tiltak er nødvendig i deira kommune ut frå gjeldande smittesituasjon og risikobilete.

Kommunane i regionen har alle mange hytter og dei fleste har alpinanlegg. Det blir ikkje innført særskilte tiltak i regionen som gjeld bruken av desse. Men slik situasjonen i regionen er no er råda om å halda avstand og å redusera talet på kontaktar særskilt viktige. Rådet er å unngå unødvendige reiser, men det er opp til kvar enkelt å sjølv vurdera kva reiser som er nødvendige. Når ein først flyttar seg mellom kommunar må ein hugse på å planleggja reisa slik at ein unngår å bli smitta sjølv, eller smitta andre. Sjuke personar skal halda seg heime. Det skal vera redusert kontakt mellom personar, og der kontakt er nødvendig er god avstand mellom personane viktigare enn elles. God hygiene er alltid smitteførebyggjande.

Status er ulik frå kommune til kommune og situasjonen endrar seg raskt. Følg nøye med på kva tiltak som gjeld til ei kvar tid.