Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Respekter karantenereglane

Respekter karantenereglane

Det er heilt avgjerande at alle som er i karantene, respekterer reglane. Kort fortalt er det at du skal vera heime, ikkje ha besøk, ikkje gå på besøk og ikkje vera i lag med andre.

Dette er dei nasjonale reglane for karantene:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Du kan gå tur ute, men hald godt over ein meter avstand til andre
  • Du kan gjera heilt nødvendige ærend i butikk eller apotek
  • Born kan vera med familiemedlemar som vanleg, men ungdom og vaksne skal halda god avstand
  • Dei du bur med er ikkje i karantene
  • Om du får symptom på luftvegsinfeksjon skal du i isolasjon

Poenget med karantene er å ikkje smitta andre om du er sjuk. Voss oppmodar foreldre til å hjelpa ungdommane med å fylgja reglane for karantene.

At nærkontaktar til smitta er i karantene er eit av dei viktigaste tiltaka me har for å hindra smittespreiing.