Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Seks nye smitta i Voss herad tysdag ettermiddag

Seks nye smitta i Voss herad tysdag ettermiddag

25. mai: Voss herad melder tysdag ettermiddag at talet stadfesta smittetilfelle knytt til utbrotet 17. mai-helga no er oppe i 14 etter seks nye positive hurtigtestar i løpet av dagen. 

Alle dei smitta er ein del av same nærmiljø og er allereie i karantene. Når eksponerte utviklar symptom nyttar me hurtigtestar i tillegg til vanlege PCR-testar, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge 

Det er ingen nye nærkontakter. 

-Me går ut frå at me får ein positiv test til denne veka, men håpar med det at me har fått kontroll på utbrotet, sier han. 

Det er framleis ei viss spenning knytt til om barnehagebarna frå Regnbuen, elevane ved Voss vgs og treningsdeltakerane hjå Mosjonsgutane utviklar sjukdom i karanteneperioden. Det veit me ved utgangen av veka etter test nummer to, seier Hauge. 

Så langt er likevel ingen utover det aktuelle nærmiljøet ramma.