Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Seks nye tilfelle, skuleelevar i karantene

Seks nye tilfelle, skuleelevar i karantene

18. NOVEMBER: Voss herad har fått melding om seks nye koronatilfelle onsdag 18. november. Tre klassar ved Voss ungdomsskule vert sett i karantene.

Klasse 9 E og 40 elevar frå dei andre klassane på 9. trinn ved Voss ungdomsskule, totalt 64 elevar, og ei klasse ved Voss vidaregåande skule er sett i karantene etter at ein elev på kvar av skulane er smitta av korona.

Skulen har kontakt med dei elevane som vert omfatta i høve til karantenetid og oppfylging av elevane i karantenetida.

 

Dei fire andre tilfella er smitta av familie.

 

Voss herad opplever no auka smitte, men gjennom god smittesporing er det avdekka at alle dei nye tilfella kan sporast til smitta som sist veke førte til at to legekontor vart stengde.