Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Skilnad på meldte koronatilfelle mellom Voss herad og andre oversikter

Skilnad på meldte koronatilfelle mellom Voss herad og andre oversikter

Det hender det er skilnad på kor mange registrerte smittetilfelle Voss herad melder om, og kor mange som vert meldt i oversikta MSIS frå Folkehelseinstituttet. Det kan skuldast fleire ting.

Voss herad har oversikt over alle innbyggjarar med smitte som vert testa på Voss, anten desse er bustadregistrert i Voss herad eller oppheld seg her mellombels, til dømes i samband med skulegang eller arbeid. Det er desse tala me rapporterer i pressemeldingane våre. Folkehelseinstituttet rapporterer i MSIS tal smitta med bustadregistrert adresse på Voss, inkludert dei som verken er testa eller bur på Voss, til dømes studentar eller dei som arbeidar andre stader i landet.

Positive prøvesvar vert meldt Voss herad, både skriftleg og via telefon. Nokre få gonger vil den automatiske MSIS-meldinga nå andre aktørar, som VG, før laboratoriet rekk å ringja ut svaret til Voss herad.